Kommentar til blogginnlegg

•april 12, 2010 • Legg igjen en kommentar

Eg har valgt å kommentere Tonje fra Kongsberg vgs sitt blogginnlegg om informasjonskløfter. Eg har lest mange av blogginnlegga til elevane ved Kongsberg vgs og syns det er mange bra tekstar. Dei fleste tekstane er eit første utkast til korleis teksten skal bli og er ikkje eit ferdig produkt enda. Det er litt vanskeleg å gi kommentarar på teksten når det er berre første utkastet, men eg prøvde å gi tips til det vidare arbeidet og korleis ho kunne gjere det bedre.

Her er min kommentar til innlegget:

«Hei Tonje ! 🙂
Eg heiter Janne og går på Sogndal Vidaregåande skule. Mediaklassen vår har som oppgåve å kommentere blogginnlegga dykkar. Eg syns første utkastet ditt var veldig bra og ser ut som det kjem til å bli ein bra tekst til slutt. Det er bra at du tek med argument for og imot slik at du får med begge sider. Du forklarar grundig korleis du vil skrive teksten din og definisjonen av informasjonskløft var veldig bra 🙂 Du skriv at du vil ha med mange medier, det hadde kanskje vore bedre viss du hadde berre teke nokre av dei og heller forklara dei bedre. Ellers kan det bli rot og uoversiktleg. Du har ein veldig bra plan for korleis du skal løyse oppgåva, lykke til :)»

http://tonjebw.blogspot.com/2010/02/informasjonsklft-frste-utkast.html

Eshowe informasjonskampanje

•september 15, 2009 • Legg igjen en kommentar

Eg har vore på bilde -og film gruppa saman med Ida, Siri og Hedda. Me har laga ein powerpoint som skal brukast til informasjonskampanen og funne bilder til plakatane og brosjyrane.

Mandag 14.sept hadde me i media klassen ein informasjonskampanje for den Internasjonale dagen som skal vere 23.sept. Me var delte opp i grupper og skulle gi forskjellige klassar informasjon om dagen. Eg, Karoline, Marthe, Hanne og Kristin var på ei gruppe og hadde framføring for yrkis klassane. Framføringen gjekk fint, men ikkje alle virka like engasjerte som oss.

Foto

•august 25, 2009 • Legg igjen en kommentar

blogg